søndag 10. februar 2013

Jeg skynder meg langsomt...

Tiden er dyrbar og jeg føler at tiden er den jeg trenger mest akkurat nå...
Fikk dette diktet tilsendt fra en mamma og englemamma jeg kjenner. Og jeg føler at dette diktet forteller så inderlig vel hvilken vei vi har å gå.......tildekket og surret inn av sorgsløret som er kommet for å bli.



Ikkje dytt

Ikkje dytt,
eg må få gå trappa sjølv.
Vil du gå fortare med andre pausar,
så er det greitt, det.
Eg går ikkje fortare enn eg går, eg..

Ikkje dytt!
Eg må få stå her ei stund,
kvila, kava, gråta, le.
-Rygga og setje foten ned att på
forrige trinn? Kjenne ekstra etter om
eg er ferdig til å gå vidare.

Ikkje dytt!
Det er så vondt å snubla.
Eg gjer det likevel, men då er det på
min måte-
det er tryggast for meg.

Ikkje tru at trappa er lettare å gå
fordi du veit kva neste trinn heiter.

Men det er fint at du vinkar.
Det er trygt å ha deg saman med meg,
for eg leitar etter nokon å halda i.
Fint å ha nokon stødig bak ryggen, nokon
som kjenner trappa
Det er tungt å gå åleine,
fint å ha deg der, men ikkje dytt!
Eg kjem i mitt eige ganglag, eg.

Det er fint å sjå at andre har kome seg
opp.
Eg er i siget,
men ha tolmod med meg!